Overnattingstur i vakker og komfortabel villmark, gode fiskevatn, tilberedning av god mat, med godt tilbehør. Fred og ro i storslagen og harmonisk natur. Overnatting under åpen himmel, i gapahuk, telt, hytte eller lavvo. Det er fantastisk å vakne utkvilt på fjellet i soloppgangen, ta ein vellukka fisketur, ein forfriskande dukkert og spise ein velsmakande frukost - alt saman langt frå andre menneske, i doggfrisk luft og vakker natur. Når du kjem tilbake er du litt god og sliten, litt sunnare og svært nøgd med deg sjølv.

Valg av leirplass? Tilrettelegging i forhold til vér, vind, vatn, insekt, dyr, lover og reglar? Leirbål? Trivsel? Korleis sove godt og bli utkvilt? Mange turistar skadar seg i norsk natur pga mangel på kunnskap, respekt og erfaring. Korleis unngå dette? Kan vi finne mat i naturen og tilberede den? Korleis pakke sekken riktig og lett?

Naturguide Telemark samarbeider med deg om lengde og nivå på turen, opplæring i naturbruk, turmat, utstyr, tryggleik og friluftskunnskap. Alt blir tilpassa dine behov og prisønske. Prisen varierer med opplegget. Guiden snakkar norsk/ skandinavisk, tysk, engelsk eller nederlandsk.

Dagstur/ fjelltur Robinson Crusoe-tur Fiskekurs Villmarkskurs
4-8 timar. Med eller utan fisking. Mykje fantastisk natur. Lokal naturinfo og aktiviterar undervegs. Frå lett til litt meir utfordrande nivå. Individuelt tilpassa den enkelte gruppe. Priseks: Frå kr 150,- pr pers, min. 20 stk. Kort båttur ut til ei øy, der du lever i fred og harmoni med naturen. Du kan utforske øya, bade, fiske m.m. Dagstur eller overnatting i telt/ lavvo/ hule. Perfekt for familiar og ”late” grupper, og for teambuilding. 3-timars kurs inkl. praksis. Om ulike typer ferskvatn, utstyr m.m. Verdifulle tips. Etterpå får du nesten heilt sikkert fisk! For både vaksne og barn. 24-timars overnattingstur (eller lengre) i komfortabel, vakker og folketom natur med mange gode fiskevatn. 1-3 timers gange i middels lett terreng inn til området, langt frå folk. Telt, lavvo, åpen himmel eller vår koselege, vesle fjellhytte. Dette passar for alle nivå, også for nybegynnarar. Priseksempel 5 personar, 24 timar: NOK 800,- pr pers + mat og evt leige av utstyr.
Adrenalinkick, tarzanslynge, tur med hest, sykkeltur, beversafari, aktivitetsdag? Andre opplevingsønske? Ta kontakt! Grupper på minimum 3 stk og oppover til store grupper. Nytt: Vi tilbyr no avspenningskurs (QiGong), gjerne innbakt i opplegget.